Vaksinemotstandar
Ein vaksinemotstandar under ein samling for Tea Party-rørsla i USA i 2010.
Vaksinering i Laos
Ei ung jente blir vaksinert mot meslingar og raude hundar i Laos.
Av /Gavi.
Nye tilfelle av meslingar i Europa 2016–2018

Talet på nye tilfelle av meslingar i Europa auka kraftig i perioden 2016–2018. Raude søyler viser stadfesta tilfelle med laboratorietest, blå er tilfelle som er kopla til ein epidemi, grøn er tilfelle som er anteke å vere meslingar basert på legeundersøking.

Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Meslingar
Talet på nye tilfelle av meslingar i Europa auka kraftig i perioden 2016–2018 fordi færre barn blei vaksinerte.
Av /West J Emerg Med (2015).
Lisens: CC BY 4.0

Vaksinemotstand er å motarbeide bruken av vaksinar. Frykt for reelle eller hypotetiske biverknader er ei viktig årsak til slik skepsis, men motstanden kan også vere knytt til livssyn og religion, generell uvilje mot styresmakter (ofte kombinert med konspirasjonsteoriar) eller mangelfull vitskapleg forståing.

Motstand mot vaksinasjon har eksistert heilt sidan den første vaksinen blei utvikla av Edward Jenner i 1796. Dette kan forklarast med at vaksinar enno var eit nytt fenomen, og at dei første vaksinane ikkje var like effektive som dagens vaksinar. Gjennom 1900-talet blei det lansert stadig fleire vaksinar, og det blei større allmenn oppslutning om vaksinasjon etter kvart som vaksinane viste seg effektive mot fleire farlege sjukdommar. Frå tusenårsskiftet har vaksinemotstanden igjen auka, og i vår tid blir nye vaksinar møtt med stor skepsis i enkelte miljø.

Også i Noreg ser ein stadig døme på slike haldningar, sjølv om vaksinasjonsdekninga i landet vårt framleis er høg.

Vaksinar berekna på barn blir mest vektlagde i diskusjonen om verdien av og grunnlaget for vaksinasjonen.

I 2019 omtalte Verdshelseorganisasjonen – WHO motstanden mot vaksinasjon som ein av dei ti viktigaste truslane mot global folkehelse. Vaksinar har redda fleire liv og hindra meir alvorleg sjukdom enn noko anna medisinsk framsteg, og vaksinasjon er truleg den mest kostnadseffektive medisinske reiskapen som finst. Globalt blir omkring 2–3 millionar menneskeliv redda som følgje av vaksinar kvart år. Reknar ein også liv spart ved at koppar blei utrydda, er 8 millionar sparte liv årleg meir korrekt. I perioden 2000–2013 redda meslingvaksinen åleine livet til omkring 15,6 millionar barn.

Flokkimmunitet

Flokkimmunitet
Den øvste delen av figuren illustrerer korleis sjuke eller smitteførande personar (raude) kan starte og føre vidare eit sjukdomsutbrot i ei befolkning som er utan immunologisk vern mot sjukdommen (blå figurar). I den mellomste er berre nokre personar immune (grøne), og då oppnår ein ikkje flokkimmunitet, og det kan utvikle seg til ein epidemi. I den nedste delen er det så mange som er immune (grøne), at ein epidemi ikkje vil bryte ut.
Flokkimmunitet
Av .

Gjennom god vaksinasjonsdekning vil ein så stor del av befolkninga bli immune at smittestoffet døyr ut av mangel på individ som kan spreie det vidare. Nokre få ikkje-immune kan dermed vere verna av at alle omkring dei er vaksinerte. Dette blir kalla flokkimmunitet. Problemet med vaksinemotstand er at om tilstrekkeleg mange foreldre avstår frå å vaksinere barna sine, vil flokkimmuniteten svekkjast, og sjukdommar som meslingar, polio, difteri og kikhoste kan innførast utanfrå og spreie seg raskt i den mottakelege delen av befolkninga.

Global massevaksinasjon kan utrydde enkelte av våre mest frykta infeksjonssjukdommar: Koppar blei totalt utrydda i 1978, og polio, som førebels er redusert med meir enn 99 prosent, blir forhåpentlegvis fjerna frå sine siste kjerneområde i løpet av få år. Meslingar står for tur. Dei fleste smittsame sjukdommar kan likevel ikkje utryddast med vaksinar, berre utestengjast frå befolkningar som har blitt immune mot sjukdommane gjennom vaksinasjon. Effektive vaksinar og høg dekningsgrad for vaksinasjonen er avgjerande for ein eventuell suksess. Til dømes vil meslingvirus framleis kunne sirkulere i ei befolkning viss ikkje omkring 95 prosent er vaksinerte eller har gått gjennom sjukdommen. Dessverre går vaksine-indusert immunitet ikkje i arv. Så lenge meslingvirus ikkje er utrydda, krevst derfor denne høge dekningsgrada i kvart nye årskull.

Døme på konsekvensar og tiltak

Det finst fleire døme frå dei siste åra på at vaksinemotstand har ført til utbrot av sjukdommar. I vår eigen vestlege kulturkrins kan motstanden mot meslingvaksinasjon tene som døme på kva følgjer vaksineskeptiske haldningar kan få.

Meslingar

I perioden 2011–2013 opplevde USA den største meslingepidemien på 17 år. I 2013 blei til dømes 58 personar råka av meslingar i ein kyrkjelyd (meinigheit) i New York som av religiøse grunnar var imot vaksinasjon. Mange nye tilfelle blei rapporterte også i 2014 og i byrjinga av 2015. Meir enn 90 prosent av pasientane var uvaksinerte eller mangla opplysningar om tidlegare vaksinasjon. I februar 2015 kom ei sterk oppmoding frå dåverande president Barack Obama til alle amerikanske foreldre om å vaksinere barna sine mot meslingar. Likevel har nye, omfattande utbrot av meslingar halde fram med å råke barn og unge menneske i USA også sidan den gongen.

I 2011, frå januar til oktober, rapporterte 36 europeiske land totalt 26 000 meslingtilfelle, og av desse fanst 83 prosent i Vest-Europa. Meir enn 7000 av pasientane måtte behandlast på sjukehus, og nokre av dei døydde av sjukdommen. I juni 2013 råka eit nytt meslingutbrot det såkalla bibelbeltet i Nederland. Blant dei 161 pasientane måtte fem leggjast inn på sjukehus på grunn av alvorlege forløp.

Utbreidd vaksineskepsis og låg vaksinasjonsdekning gjer meslingar til eit stort problem også i Tyskland. I første kvartal av 2015 blei sjukdommen påvist hos 900 tyske barn og vaksne. I 2019 åtvara det norske Folkehelseinstituttet mot å reise til Tyskland med uvaksinerte barn. I mars 2020 innførte Tyskland lov om tvungen meslingvaksinasjon for alle barn for å få stoppa desse utbrota. Vaksinen som blir gitt mot meslingar, MMR-vaksinen, vernar også mot raude hundar og kusma. Eventuelt kan vaksine mot vasskoppar inngå i denne kombinasjonsvaksinen (MMRV).

I Australia har ein registrert utbrot av meslingar og andre smittsame sjukdommar som følgje av at nærare 10 prosent av befolkninga ikkje sluttar opp om barnevaksinasjonsprogrammet. Også der har ein måtta innføre obligatorisk meslingvaksinasjon. Mange barnehagar, skular og universitet nektar opptak for elevar utan vaksinasjonsbevis. Australia har dessutan gått til det uvanlege steget å nekte innreise for nokre internasjonalt kjende antivaksine-aktivistar.

Meslingar i Noreg

For norske barn og ungdommar er risikoen for å bli utsett for meslingsmitte størst i utlandet eller ved besøk her heime av smittsame utlendingar. Men det er viktig å merke seg at smittefaren ikkje er avgrensa til opphald i fjerne, «eksotiske» regionar. I ei rekkje vestlege land dekkjer det nasjonale vaksinasjonsprogrammet berre 50–70 prosent av barna. I visse segment av befolkninga kan dekninga vere endå lågare, og dessutan vise minkande tendens.

Polio

Polio
Illustrasjon av polioviruset
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Misforstått religiøs motstand mot poliovaksinasjon, framfor alt i Nigeria (i 2003–2004) og Pakistan (i 2012 og 2016), resulterte i stort regional spreiing av den frykta sjukdommen poliomyelitt. Konservative muslimske grupper i desse landa har meint at sjukdom er ein del av Guds plan og vilje. Vaksinasjonskampanjar har også blitt sett på som forsøk frå vestlege makter på å vinne kulturell og økonomisk innverknad. Denne motstanden har forseinka Verdshelseorganisasjonens omfattande program for global utrydding av polio med fleire år. I tillegg har slike haldningar kosta mange liv og helse for mange barn – og enorme summar for verdssamfunnet.

Årsaker til vaksinemotstand

Skjermdump

Fleire medium har blitt kritiserte for å gi vaksinemotstandarar for mykje merksemd og la påstandane deira stå uimotsagde. Her frå Agderposten i februar 2018, der ein representant for alternativrørsla uttalte seg om vaksinar.

Skjermdump
Av .

Det er tankevekkjande at den store suksessen med vaksinane også er svakheita deira. For generasjonar som sjølv har opplevd den skremmande framferda til infeksjonssjukdommane, er det lett å innsjå kva vaksinar har å seie. Likevel vil den positive haldninga til vaksinasjon lett minske i land der barn – takk vere vaksinasjon – ytst sjeldan blir råka av smittsame sjukdommar som polio, meslingar, kikhoste, lungebetennelse, difteri, gulsott eller hjernehinnebetennelse. Både ubehag og biverknader var naturleg nok lettare å akseptere den gong sjukdomsrisikoen var stor. Når faren er avblåsen, synest mange det er tungt å utsetje barna sine for ubehagelege stikk og eventuelle biverknader av vaksinasjon.

Frykt for biverknader

I våre dagar går alle vaksinar gjennom omfattande undersøkingar med omsyn til tryggleik, og dei tilhøyrer utvilsamt dei tryggaste legemidla våre. Likevel er vaksinar, som alle andre legemiddel, prega av ein viss risiko for skadelege biverknader. Gjennom åra er ei rekkje lovande vaksinar trekte tilbake fordi dei hadde ein uakseptabel biverknadsprofil.

Tarmslyng ved rotavirus-vaksinasjon og narkolepsi utløyst av ein spesiell influensavaksine er ferske døme på sjeldne (1–7 per 100 000 vaksinerte), men beviseleg vaksineutløyste og alvorlege biverknader. Dessverre finst både narkolepsi og tarmslyng også hos uvaksinerte individ. Ein liten auke i bakgrunnsfrekvensen av så sjeldne tilstandar vil derfor først kunne oppdagast etter omfattande bruk av vaksinen.

Vaksineprodusentar så vel som nasjonale helsestyresmakter skal gi allmenta (allmennheten) objektiv og lettforståeleg informasjon om korleis vaksinane verkar, og kva biverknader dei har. I vår del av verda vil elles feilaktig eller misvisande produktinformasjon fort bli avslørt av konkurrentar, offentlege kontrollinstansar eller uavhengige ekspertar på området.

Frykta for biverknader er ei av årsakene til vaksinemotstand, men denne frykta er ofte heilt ute av proporsjonar med dei faktiske biverknadene som finst.

Oppslag i media

Demonstrasjon mot vaksinemotstand

Ein demonstrasjon for vaksinering i Canada i 2017.

Av .

Blant dei som motset seg vaksinasjon, er mange påverka av vaksinekritiske oppslag i massemedia. Journalistar har gjerne sans for enkeltpersonar med sterke synspunkt, helst slike som strir mot det medisinske etablissementet. Konspirasjonsteoriane florerer. Ikkje sjeldan blir vaksineforkjemparane framstilte som betalte medløparar for den farmakologiske industrien. Negativ – eller i beste fall unyansert – informasjon om vaksinar er ofte baserte på mangelfulle studiar eller bombastisk framførte hypotesar på svakt vitskapleg grunnlag.

Det blir fremja påstandar om at spedbarn får altfor mange vaksinar, og at immunsystemet blir overbelasta når ein tilfører 5–6 vaksinar om gongen og 30–40 vaksinar i løpet av få år. Somme uroar seg for at enkelte vaksinar har tilsetningar som kvikksølv og aluminium som kan hope seg opp i kroppen, og seinare i livet føre til kroniske skadar, ikkje minst på nervesystemet. Vidare blir det påstått at den normale immunologien til og utviklinga av kroppen er basert på at barna faktisk går gjennom dei sjukdommane som dei no blir vaksinerte mot.

Alle slike påstandar har fleire gonger blitt tilbakeviste etter omfattande og vel kontrollerte undersøkingar. Dessverre får slike tilbakevisingar liten publisitet, og ofte er heller ikkje helsepersonell tilstrekkeleg oppdatert på dette området.

Falske forskingsresultat

Det finst ei rekkje døme på korleis tendensiøs eller direkte feilaktig informasjon kan få alvorlege konsekvensar for liv og helse.

I 1998 publiserte legen Andrew Wakefield og medarbeidarar forskingsresultat som tydde på at MMR-vaksinen (mot meslingar, kusma og raude hundar) kunne føre til autisme og kronisk tarmbetennelse. Publikasjonen vekte svært stor merksemd, og han resulterte i utbreidd skepsis mot vaksinar, spesielt meslingvaksinar. Forskingsresultata viste seg seinare å vere forfalska, men stor skade var allereie gjord. I USA og Irland fall MMR-dekninga i befolkninga til under den kritiske grensa på 90 prosent. Vaksinedekninga i Storbritannia fall frå 92 prosent i 1996 til 84 prosent i 2002, og i 2003 var dekninga i delar av London berre 61 prosent. Medan ein i 1998 registrerte 56 sikre tilfelle av meslingar i heile Storbritannia, blei det vinteren 2012–2013 registrert over 1100 tilfelle berre i Wales. I Storbritannia blei meslingar for første gong på 14 år igjen definert som endemisk, det vil seie at meslingvirus finst i befolkninga til kvar tid.

Vandrehistorier

Undersøkingar har vist at haldningane unge foreldre har til vaksinasjon, er sterkt påverka av oppfatningar i den nære krinsen av andre småbarnsforeldre, venner og familie. Dessverre blir det spreidd mange og ofte hjarteskjerande historier om barn som var heilt friske inntil dei blei vaksinerte, men som deretter utvikla ei rekkje alvorlege symptom. Nokre slike forteljingar er nærast vandrehistorier som har tapt all truverd. Andre skrekkhistorier kjem av misforståingar på grunn av dårleg kommunikasjon frå helsetenesta. Altfor ofte blir samanfall i tid rekna som bevis på ein årsaksmessig samanheng.

Retten til individet og autonomien til foreldra

Nokre foreldre påpeikar at dei som frie borgarar har rett til å avslå vaksinasjon av barna sine. Vaksinemotstandarar har framheva retten til sjølvråderett som ein sentral liberal verdi og ein kjerneverdi i det demokratiske systemet. Autonomien til enkeltindividet blir gjerne framstilt som eit ufråvikeleg prinsipp som dermed må vege tyngre enn omsynet til fellesskapet og tilrådingane til styresmaktene. Sjølv om retten til sjølvråderett juridisk sett er utvilsam, er haldninga svært tvilsam. Ved å la vere å vaksinere barn, tek ein frå dei retten til vern mot unødvendige og potensielt farlege sjukdommar, og ein aukar risikoen for slike sjukdommar hos andre uvaksinerte individ. Det er feilaktig å hevde at nokre få uvaksinerte barn ikkje speler noka rolle i den store samanhengen ettersom dei fleste barn trass alt blir vaksinerte. Det er sant at risikoen er svært liten til dømes for eit meslingutbrot i land med vaksinasjonsdekning på omkring 93 prosent, slik som i Noreg. Men denne gunstige dekningsgrada er basert på solidariteten i heile befolkninga. Om solidariteten minkar, generelt eller gruppevis, vil meslingar kome tilbake, også hos oss.

Religiøst grunngitt vaksinemotstand

Det finst ulike religiøse argument mot vaksinar. Enkelte religiøse grupper motset seg vaksinar som inneheld bestanddelar som er vunne ut av blod frå menneske eller dyr. Enkelte medlemmer av Jehovas vitne nektar til dømes å få vaksinar som inneheld albumin, som er eit stoff vunne ut av blodplasma. Dette fordi Jehovas vitne motset seg blodoverføring. Mange muslimar vil ikkje bruke vaksinar som inneheld stoff frå svin. I slike tilfelle finst det ofte alternative vaksinar med andre innhaldsstoff.

Ein meir generell skepsis mot vaksinar er relativt utbreidd i delar av alternativmiljøet. Eit døme er motstanden innanfor den antroposofiske rørsla, som baserer seg på Rudolf Steiners lære. I antroposofisk medisin blir sjukdom generelt, og barnesjukdommar spesielt, rekna som «åndsfremjande» og ein naturleg del av utviklinga til mennesket. Som følgje av dette er vaksinedekninga ved fleire Steiner-skular mykje lågare enn i befolkninga elles.

Vaksinar har ei sentral rolle i mange konspirasjonsteoriar, der vaksinar gjerne blir framstilte som eit verkemiddel styresmaktene bruker for å skade og kontrollere befolkninga. Det har blant anna blitt hevda at vaksinar inneheld mikrochips som gjer det mogleg for styresmaktene å drive utstrekt overvaking. Ein annan teori går ut på at vaksinar blir brukte som hjelpemiddel for å provosere fram ein pandemi og ta livet av mange menneske. Styresmaktene har også blitt skulda for å samarbeide med legemiddelselskap som tener store pengar på å produsere vaksinar. Dette er grunnlause påstandar utan rot i verkelegheita.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg